Kva med ein tur oppi Skulstuå i finveret i helga? Utstillinga FISK står i heile sommar og laurdag 14.juni frå kl.13 til 16 er den igjen opa, som og annonsert i Driva. Det er Ingvar Ortega Redalen (f.2012) som har teikna fiskar frå både nære og fjerne havstrøk, her kan du sjå både regnbogeaure, brisling, havmus, slimål, storskat, gjøkskate, tagghai og kval og mange fleire fiskeartar.
Med ein energi og sikker strek samt proporsjonane på plass, har Ingvar detaljert observert og teikna ned på papiret alle særeigne trekk for dei ulike fiskeartane. Det er sal av både kunstplakatar og kort av fisketeikningane.
16.mai var det ei storstilt opning av utstillinga, som vil stå fram til midten av august. Nysteikte sveler med god rabarbrasylte samt kaffi/te og is blir og for sal.
Skulstuå er eit kulturhus for alle – eit hus som rommar den frie kunsten, in spe og i all si prakt. Venner av Skulstuå i Todalen ynskjer alle velkomne til utstilling i Pilskarvegen 35:)