Påskeaftan hadde Toril Redalen opning av kunstutstilling i Galleri Barbara i Sunndal kulturhus. Ho stiller ut saman med kunstnarvennen Ian Maeres frå Florida. Utstillinga blir ståande til slutten av april, fortel Toril. Galleriet er ope når kulturhuset er ope.
Både Toril og Ian er med i eit utvekslingsprogram på ein porselensfabrikk i Michigan, og Toril har etter kvart vorte ”sesongpendlar” med heile verda som arbeidsplass. Men i sommar blir ho å treffe i Svinviks arboret der ho har jobba i fleire sommarsesongar.
Nedafor finn du bildegalleri frå utstillinga. Alle foto: Jon Olav Ørsal