Onsdag starta arbeidet med utskifting av stikkrenner og reparasjoner av setninger i vegen rundt bygda. Arbeidet starta med stikkrenna ved Sissiå, og det danna seg for kø, spesielt på Todalssida, men det var ingen problem med å vente nokre minutt for å kome seg vidare.
Det er firma J. Reiten frå Halsa som utfører arbeidet, og dei rekna med å bli ferdige med arbeidet i løpet av neste veke.