Nordmøre forsvarsforening, Nordmøre brigadeveteranforening og Norges veteranforbund for internasjonale operasjoner (NVIO) avdeling Nordmøre sitt foredrag med Johan B. Sira og Petter Ingeberg i Svorkasalen på Surnadal Kulturhus torsdag 31. oktober klokka 18:30, blir på grunn av vêrmeldingane utsett.
Temaet for foredraget skulle ha vore «Festung Kristiansund» Tyske festningsverk og verksemd i Kristiansund og på Nordmøre. Foredraget blir utsett til i november.
Arrangørane kjem att med informasjon om ny dato og tidspunkt når dette er fastsett, så følg med!
Arrangørane beklagar utsettinga, men vêret rår dei ikkje med!