Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utsett årsmøtet til den 16.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. mars 2021

Todalen Grendalag sitt årsmøte var beramma til måndag 15.april. På det digitale styremøtet i Grendalag i går kveld, vart det vedteke å utsette årsmøtet til onsdag 16.juni kl. 19:00. Bakgrunnen for vedtaket er dei gjeldande smittevernreglane for årsmøter, som både krev påmelding og god avstand (minimum 1,5 meter) mellom møtedeltakarane. Grendalaget ønsker at flest mogleg skal få høve til å delta på årsmøtet, difor blir årsmøtet utsett. 

Innkalling til årsmøtet vil bli kunngjort her på Todalen.no 26.april, med fristar for å seie frå seg verv. Endeleg sakliste vil vere tilgjengeleg frå den 9.juni.

Styret i Todalen Grendalag si årsmelding for 2020 kan du lese ved å trykke på lenka: «Årsmelding 2020»

 

Publisert: 19. mars 2021, 15:06