Medan Therese Johaug haustar gull i Beijing, representerer Erik Kårvatn Trollheimen Fjellsportklubb og landslaget i sprinten i Valtellina Orbie i Italia. Der det i dag vart 10.-plass på Erik.
På telefon rapporterer Erik at han er god nøgd med resultatet og seier at resultatet er på rett veg. Dagens 10.-plass er nok den beste plasseringa han har gjort internasjonalt i konkurranse med verdas beste i sin klasse.
No føler han at kroppen kjennes mykje piggare og at alt det tekniske fungerer fungerer godt. – Var litt sein i skiftesona, men elles var det bra driv i dag.
Og prologtida viser at det går unna, og om ein sett den tida i finalen så er det 5. beste tida.
Erik ser no fram til EM i Catalonia i Spania i neste veke og tykkjer det er godt å være skikkeleg motivert til «jobben» der!
Seinare i februar er det konkurranse på heimebane med Kårvatn Skimo i helga 26. og 27. februar. her kjem vui att med fleire detaljar etter kvart.
Skimostats har lagt ut mange bilder frå dagens renn – klikk på linken: https://drive.google.com/drive/folders/1-UuVZAha7KmvbADXTNKqRQJ5MvwCXMq0