ELG MED BAND inviterte fredag til «en annerledes» julekonsert i Stangvik kyrkje, og det vart ein heilt spesiell, variert og fin konsertkveld! Publikum fekk presentert tradisjonelle julesongar, kjende songar frå Disney-jul og sjølvkomponerte låtar av Elg.
Konserten opna med Elgenes sin song «Jul hos alle no», ein stemningsfull julesong til ettertanke. Deretter vart det tradisjonelle julesongar som «Det lyser i stille grender» og «Julekveldsvise», før det gjekk over til livleg og fengande «Disney-jul» med fine duettar ved Elg og Inger Lise Bøe Bævre. Julestemninga kom sigande.
«Det er storm i dag, men solskin i morgon,» syng Elg i «Storm» – utruleg fin låt, – passa merkeleg godt inn i programmet utan å vere julesong.
Inger Lise Bøe Bævre hadde ei nydeleg framføring av «Nordnorsk julesalme» og etterpå ein flott versjon av «Det hev ei rose sprunge» – vakkert framført, eit av kveldens mange høgdepunkt!
«Silent night» og «O, helga natt» – gjekk rett heim hos publikum! Konserten vart avslutta med ein ny Elgenes-låt : «Solsnu» – «solsnu er eit ord med håp i,» sa Elg.
Dyktige og engasjerte songarar og musikarar gjorde at det vart ein stemningsfull og flott konsert! Inge Bævre frå Kvanne er «kortreist» gitarist i bandet – han fortener stor ros for flott gitarspel! Kvelden vart avslutta med ståande applaus og trampeklapp – velfortent!