Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utplasseringsveke ved Todalen skule

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. mai 2021

Elevane som går i 9.årstrinn ved Surnadal barne- og ungdomskule har kvar vår utplasseringsveke hos ulike lokale bedrifter eller institusjonar. Utplasseringsveka er meint å gje ungdommane arbeidstrening, men og for å hjelpe dei med å velje som karriereveg for framtida. Det er mindre enn eitt år til elevane i 9.årstrinn må velje kva line dei vil søkje på når dei frå hausten 2022 skal starte på vidaregåande utdanning. Valet dei da gjer, vil vere retningsgjevande for den framtidig karrierevegen deira, og for kva dei kan og vil arbeide med i framtida. 

I år hadde dei tre todalingane, Johan Ranes, Edel Therese Karlsen og Van Adrian Ansnes, valt Todalen skule som utplasseringsstad i utplasseringsveka si. Dei har hatt ei variert veke ved Todalen skule, der dei har fått prøvd litt av kvart i tilknyting til undervisninga. Dei har og fått prøvd å laga sitt eige undervisningsopplegg i eit par skuletimar. Desse timane brukte dei til å lage ein natursti for heile skulen.  

Nedanfor kan du lese svara dei tre gav på dei tre spørsmåla vi i redaksjonen stilte dei i samband med utplasseringsveka ved Todalen skule. Spørsmåla vi stilte var: 1. Kva har du gjort i arbeidsveka som lærar? 2. Kva likte du best med å vere lærar?  3. Kan du tenkje deg å utdanne til å arbeide med barn og unge.  

Johan

Johan. Foto: V A Ansnes

– Eg har hjelpt læraren med undervisninga for 5.-7.årstrinn. – Det eg har lika best denne veka er å kunne helpe elevane som treng hjelp i timane, fortel Johan

– Eg kunne godt ha tenkt meg å utdanna meg til lærar, for da blir det litt meir å finne på, avsluttar han.

Edel Therese 

Edel Therese. Foto: V A Ansnes

– Eg har gjort litt forskjellig, mellom anna hjelpt dei elevane som trengte hjelp, passa på at dei skulle i timane og vi tre som har vore her har organisert ein time saman(natursti). – Eg likte best å organisere og lage ein natursti, som vi gjorde for heile skulen, fortel Edel Therese. 

– Ja, eg kunne tenkt meg å utdanne meg til å arbeide med barn og unge, fordi eg likar å vere saman med folk og kanskje då spesielt saman med barn- og unge, avsluttar ho. 

Van Adrian

Van Adrian. Foto: V A Ansnes

– Eg har vore med og hjelpt til i 1.-4.årstrinn. Eg har passa på at dei har gjort arbeidsoppgåvene dei har fått tildelt i timane. – Eg likte best når vi fekk lage vårt eige undervisningsopplegg for elevane, fortel Van Adrian.

– Eg kan godt tenke meg å utdanne meg til å arbeide med barn og unge, fordi det er gøy å finne på nye ting dei lærer av, avsluttar han. 

Med bakgrunn i svara dei tre har gjeve oss i redaksjonen, så ser det bra ut for rekrutteringa til læraryrket, i alle fall på kort sikt! 

F.v. Johan, Van Adrian og Edel Therese hadde utplassering ved Todalen skule. Foto: Britt Mossing

Publisert: 7. mai 2021, 14:24