Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utplassering: – Fekk god føling med yrkeslivet

Jon Olav Ørsal Fredag 20. april 2018

Denne veka har 9.-klassingane ved Surnadal ungdomsskule fått prøva seg i yrkeslivet. Her i Todalen har vi fem 9.-klassingar som har hatt lokalt engasjement, og alle 5 har trivast på kvar sin plass, – og fått prøva seg på varierte og interessante arbeidsoppgåver.

Dei 5 som vi snakkar om er Trym Kvendset, Lars Kvendset, Erik Kårvatn, Sindre Bruset og Henrik Talgø.  Trym og Henrik har vore i skulen og har fått prøva seg på forskjellige oppdrag der. Erik har vore både på Kårvatn Fjellutstyr og Kårvatn handelskompani og har hatt allsidige oppdrag, medan Lars har hatt fjøsstell og førebuing til fjøsbygging i Utigarden hos tante Olaug. Sindre har hatt arbeidsveka si hos Statkraft på Trollheim kraftverk. Alle 5 gir uttrykk for at dei har fått godt utbytte av dette opplegget – det vil heilt klart være med og gjera det enklare for oss når vi skal stake ut vegen vidare er dei 5 einige om.

Erik har fått prøve litt av kvart både på Kårvatn Fjellutstyr og Kårvatn Handelskompani – men favoritten er nok den nye nettbutikken. Foto: Jon Olav Ørsal

Erik har vore heime på Kårvatn, der han har hospitert både på Kårvatn Fjellutstyr (detaljsal) og Kårvatn handelskompani (grossist). Erik tykte det var interessant å lære å kjenne dei to bedriftene innanfrå, og har fått prøve seg på alle typar arbeid. I disse dagar er det mykje sommarvarer på tur inn, og her høyrer både kontroll, prising og utstilling til. Han har notert ordrar, pakket ordrar for sending og fakturert etterpå. Spesielt tykkjer Erik at den nye nettbutikken er interessant å jobbe med. Erik fortel at han har hatt ei triveleg og lærerik veke i lag med mannskapet på Kårvatn.

I skulen trefte vi dei to «nye lærarane», og dei var i full aktivitet med å hjelpe til under lunch-serveringa da vi kom. Alle dei 27 elevane skulle til bords for å få seg ein matbit, og her gjaldt å passe på både bordskikk og skikkeleg handtering av maten.  Dei to starta som observatører i klassane og har etter kvart fått som rolle å være til hjelp og støtte for elevane. Dette er bra både for dei utplasserte og for elevane, og er heilt sikkert til inspirasjon for med tanke på seinare yrkesval, seier rektor Britt Mossing. Og Henrik og Trym kunne godt tenkt seg ei framtid som lærarar av eit eller anna slag.

Ei av oppgåvene til Trym var å halde eit auge med skulelunchen – både bordskikk og handteringa av maten. Foto: Jon Olav Ørsal

For Lars vart det og ei travel veke – tidleg opp for å rekke fjøsstell og mjølking før mjølkebilen kom og ikkje ferdig med dagen før etter kveldsstellet. Resten av dagen har gått med til førebuing av fjøsbygging – alt skulle være klart til å sette opp murar neste veke.

Kobling av Ethernet er greit å kunne – det er nok mykje eletronikk på eit kraftverk. Foto: Statkraft

Sindre har hatt arbeidsveka si hos Statkraft på Trollheimen kraftverk. Der har og oppgåvene vore varierte og Sindre har fått veksla forskjellige fag. Vi kan berre nemne monterings av luftavfuktingsutstyr, installasjon av ethernet, kontroll av vannstand i Søya og Surna og mykje anna. Kort og godt prøva litt av kvart rundt på avdelingane. Det har heilt sikkert vore interessant, for vi har til og med hatt fagprat på kveldstid, ler faren Jostein som og har arbeidsplassen sin der.

I det heiletatt får vi det intrykket at det er godt å prøve seg litt i yrkeslivet før du skal stake ut retning for studier og utdanning, og da er det viktig at elevane får prøve seg litt, slik at det blir ein smaksprøve ut av denne veka.

Lagerrydding og flytting – her gjeld det å balansere med jekktralla. Foto: Statskraft

 

 

Publisert: 20. april 2018, 20:00