Utpågang er ei ny satsing mellom kommunane Surnadal og Sunndal. Dette er eit magasin som i desse dagar er distribuert til samtlege husstandar i dei to kommunane. Innleiingssvis har ordførarane Mons Otnes og Ståle Refstie ordet, der dei ønsker å gripe muligheitene. Muligheitene som Indre Nordmøre er i besittelse av. Dei ønsker å sammarbeide om rekkrutering, kompetanseutvikling, skape bo- og ikkje minst blilyst slik at heile Nordmøre skal bli ein enda meir atraktiv region å bu i og flytte til.
Næringslivet i dei to kommunane arbeider med felles framstøt for å erobre marknader utanfor regionen, og kommunane samarbeider om kompetanseoppbyggjing og arbeidsoppgåver. Enno berre i startfasen, emn dei tykkjer det ser lovande ut.
For dei som ikkje er så heldige å vere busett i Surnadal eller Sunndal og kan setje seg med ein god kopp kaffe og magasinet i handa, kan vi anbefale å bla i det digitalt her: UTPÅGANG 1/2014
Magasinet er produsert av Amfi Kreativ, med innslag frå Todalen naturleg vis!