Magasinet Utpågang blir i desse dagar distribuert til samtlege husstandar i dei to kommunane Surnadal og Sunndal. Innleiingssvis denne gongen har ordførar Ståle Refstie og påtroppande ordførar Lilly Gunn Nyheim ordet, der det gode liv er fokuset. Gjennomgangstemaet denne gongen er bolyst, med artiklar som famnar begge dei to kommunane.
Dette magasinet, som vart produsert for første gong i mars 2014, skal synleggjere muligheitene som Indre Nordmøre er i besittelse av. Dei to kommunane ønsker å sammarbeide om rekkrutering, kompetanseutvikling, skape bo- og ikkje minst blilyst slik at heile Nordmøre skal bli ein enda meir atraktiv region å bu i og flytte til.
Så for dei av dere som ikkje har fått bolysta innunder huda og flytta til ein av dei to kommunane enda, kan vi anbefala å lesa det digitalt: Utpågang 2/2014 Her finn du også første utgivelse, som omhandla mulegheitene vi har her på indre nordmøre. Begge magasina er produsert av Amfi Kreativ.