Laurdag var det internasjonal julekafè i Todalen ungdomshus, der lag og organisasjonar inviterte både innfødte og innflytta sambygdinga til triveleg lag og sosialt samvær. Todalen idrettslag var ein av organisasjonane som stod attafor tiltaket, og dei nytta høvet til å dele ut utmerkingar til spreke medlemar som har oppnådd krava til merkeprøve. Sjølv om det var mange om det var utdelt fleire ytmerkingar som heng høgt kom nok Johan Kvendset i ein eigen divisjon.
Johan fikk nemleg den aller høgste utmerkinga som det går an å få, nemleg skistatuettens ærepris. For å understreke kor høgt den heng så kan vi fortelje at det hittil er utdelt berre 29 eksemplar av den. Og nummer 29 fikk altså Johan! Samtidig fikk han Statuettklubbens diplom og den første stjerna. Johan er 78 år, og er framleis aktiv i skisporet, så det blir kanskje fleire stjerner i åra som kjem. No ventar han berre på at det skal bli snø, slik at han kan ta i bruk den nye lysløypa på Tjønnmyran. Prisen vart utdelt av ordførar Lilly Gunn Nyheim.
Men Statuettklubben fikk 3 nye medlemar i same slengen. Marit S. Søyset, Sigrun Ørsal og Trygve Halle hadde gjort seg fortjent til Skifatet. her er kravet at ein skal fylle krava til skimerket i 10 år etter at NSF’s krus (Norges skiforbunds høgaste utmerking) er oppnådd. Slett ikkje verst det heller!
Vidare fikk Kristen Halle NSFs krus (40 gonger) og Jorunn Nordvik skistatuetten i gull (35 gonger). Kristen har 10 gonger att til å for å få fatet, medan Jorunn har 15 gonger att.
Elles fikk Eivind Bolme og Marit Ingeborg Ansnes barne og ungdomsmerket i bronse og Elinor fikk idrettsmerket i sølv.
Heile gjengen fikk ein flott applaus for innsatsen i sporet frå fullsett sal i ungdomshuset. Vi i Todalen.no gratulerer også med dei flotte utmerkingane!
Vi kjem med meir stoff frå den internasjonale julekafeen på søndag!