Vegen vart nok litt for smal for denne varebilen som hamna i bergveggen på vegen mellom Kvanne og Stangvika onsdag. På den smale vegen hadde bilen kome utfor den høge asfaltkanten, og dermed hamna i grøfta og i bergveggen. Vegen er smal utover mot Stangvika, og det lønner seg nok å manøvrere forsiktig, sjølv om vegane er er snø og isfrie akkurat no. Denne bilen måtte nok ha hjelp for å kome inn på vegen igjen, og det vart nok litt karosseriskade etter møtet med bergveggen.