Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utfor med skulebussen ved Vassosen

Jon Olav Ørsal Måndag 14. januar 2019

Hålkeføre med litt nysnø oppå skapte problem for skulebussen på tur oppover til Kårvatn måndag ettermiddag.  Bussen hadde liten fart, så utforkjøringa var heilt udramatisk.  Uhellet skjedde tett attmed utløpet frå Vassosvatnet, og det var berre ein passasjer om bord i bussen. Verken passasjer eller sjåfør kom til skade, og bussen kom og godt frå uhellet.

Det har vore vanskeleg føre i heile dag og dermed mange utforkjøringar på «indre». Bussar har vore utfor  vegen både i Bøverdalen og på Tingvoll i tillegg til mange andre bilar – dermed ein travel dag for bilbergarar.

Speilglatt underlag med nysnø oppå gjorde at det vart skikkeleg unnhålt og dermed mista bussen veggrepet. Liten fart gjorde at det verken vart skade på folk eller utstyr.

Publisert: 14. januar 2019, 18:30