Fredag var det utfall for lysanlegget i halvparten av Svinviktunnelen. Frå møteplassen som ligg cirka midt i tunnelen og heilt ut på Svinviksida er lysanlegget heilt svart. Vi veit ikkje kva som er orsaka til dette – om det er tilfeldig feil eller om det har noko å gjera med ekstremvêret vi hadde sist natt.
Vi reknar med at det har gått feilmelding til rette instans, slik at dette blir reparert og sett i drift igjen så snart som muleg.