Arbeidet med utskifting og oppgradering av utstyr på Netcoms basestasjon i Todalen er fullført, og området har igjen full dekning med 3G-nett med både breiband og GSM-telefoni. Onsdag har Todalen vore uten mobildekning deler av dagen, berre sporadisk dekning frå baser utafor bygda har vore tilgjengeleg. Men no er altså det nye utstyret på plass og det er normal drift.
Det er Oslofirmaet Otera Xp AS, med to danske montører, som har utført jobben på basestasjonen som er lokalisert til Nestua på Halset. No er basestasjonen utstyrt med topp moderne utstyr som er førebudd på 4G så snart det blir tilført signal via fiberoptisk kabel med stor nok kapasitet og hastighet.