Høgtider og brudd i mobilsambandet hører saman i Todalen! I morgontimane langfredag er både Telenor Mobil og Netcom ute av drift. Det er nok Telenors linje inn til Todalen som ei feikilda denne gongen også, da begge netta fall ut samtidig. Kor lang tid det tek før feilen blir rette kjenner vi ikkje til. Vi oppfordrar folk som har tilgang til telefonlinje til å ringe feilmeldinga slik at feilretting kan bli snarast muleg. Siste: Både Telenor Mobil og NetCom kom på lufta igjen i 15-tida
Det er no ganske nøyaktig 4 dagar sia siste gong begge mobilnetta fall ut samtidig. Det er kanskje på tide at dette blir teke på alvor, og bør nok kome på agendaen på kommunehuset så snart som mulig. Vi kjenner ikkje til om fastnettet til Telenor fungerer, men IP-telefoni basert på Svorkas breiband funger som normalt denne gongen også.