Søndag trefte vi Ole Martin Øyen i Oddøyhølen – han kom nærast «flytande på ei fjøl» forbi, og kom opp av elva for å ta ein liten pause. Han var utstyrt med dykkardrakt, snorkel og dykkarbriller, og var ut på oppdrag for Todalen elveeigarlag – og var spesielt på utkik etter pukkellaks.
Elvaeigarlaget tek ein sjekk på «rikets tilstand» kvart år, da dei sender dykkarar nedover elva for å sjå korleis tilhøva i elva utviklar seg frå år til år. I år har dei hatt spesiell fokus på pukkellaksen etter som bestanden ser ut til å vekse i dei norske lakseelvane. Ole Martin rapporterer resultatet til styret i Todalen elveeigarlag etter at oppdraget er ferdig.