I dag er mesta i gang med tillyst utbetringsarbeid på på asfalten på fylkesvegen på 3 plassar. Arbeidet starta i dag tidleg og vil gå føre seg utover dagen på Todalsøra, ved Pilskaret og på begge sider av Brusetbrua. Til saman er det snakk om 2-300 meter som no får eit nytt lag med asfalt.
Førebuingane er i gang med å lage «startgrøper» for asfaltlegginga, der asfalten bli saga av og fresa ned. Det må reknast med at trafikken bli hindra litt i samband med arbeidet, men det er omkøyringsmulegheit, bortsett frå vegen til Todalsøra.
Asfalteringen som er gjort i dag dekker nok det mest prekære behovet for reparasjon av den gamle asfalten, men det er mange og djupe hol i asfalten rundt heile bygda, og spesielt farlige er kanskje der asfalten er borte i vegkanten – her rønner det nok hardt på forstillinga også. Egentleg er det vel behov for å legge heilt ny asfalt frå Svinviktunellen og innover til Kvennset – og vidare oppover bygda.