I dag starta firmaet Arvid Gjerde AS med å utbetre vegsikringa fra Svinvik arboret og utover mot Nordvik. Dei aller fleste har nok sett at glidekanten forlengst har vore moden for utskiftning på deler av strekninga. Den gamle glidekanten sto på trepålar og har gjennom åra komme lengre og lengre ut mot vegskråninga. Desse blir no teke opp og fjerna, og erstatta med nye i stål sett ned for å sikre framtidig trafikk.
Arbeidet blir pågåande ut i neste veke kunne arbeidskarane fortelje. Og dei håpar naturleg vis at trafikkantane tilpassar farten etter oppsette skilt slik at dei ikkje blir utsett for uhell på den smale vegbanen.