Surnadal kommune har no så smått komme i gang med opplesning av den rasutsette vegen i Falla. Vegen har etter at kommunen var i Todalen før helga no rasa heilt ut.
Rådmann Knut Haugen fortel no at Per Gjeldnes startar på jobben med å sjå om vegen er mogleg å reparere midlertidig med eit ope kjørefelt i dagane framover. Parallelt vil det også komme mannskap for å bore i grunnen for å sjå kva som må gjerast for den permanente løysinga.
På spørsmål om når vegen blir heilt restauraurert, tør ikkje rådmannen å svare konkret. – Her må vi nok avvente til vi får svar på korleis grunnen er, før vi kan anslå om det går veker eller månader.