I disse dagar er ein ny generasjon med 1-åreig smolt sett ut i Toåa. Det skjedde onsdag, da dei vart sette ut i merder ved Steinutgarden. Der skal dei aklimatisere seg nokre dagar før dei blir sleppte «ut på livet» i Toåa om nokre dagar.
Det er Rossåa settefiskanlegg som har produsert smolten og som sørgjer for utsetting i Toåa som ein del av konsesjonsvilkåra for Driva kraftverk som regulerer Tovatna. Det blir i år sett ut ca 2000 ettårig smolt som er det dobbelte av konsesjonskravet på 1000, men dett settes ut litt meir for å dekke tidlegare etterslep.
Det vart tidlegare i år sett ut ca 20.000 befrukta rogn i Toåa. I 2019 vart det sett ut 665 2-årig og 4418 1-årig smolt ved Steinutgarden. Kanskje får du laks på kroken som er sett ut i Toåa gjennom fleire år. Du kjenner dei lett att på at feittfinnen er teken bort!
Bilder frå arbeidet smoltutsetting i Toåa – Foto: Monika Klungervik