I dag opna Gudmund og Wenche Kvendset i Viastua dørene ut i det fri for krøttera. Etter ein lang og kald vinter innomhus var det godt å kome ut og strekke på beina. Og faktisk så tek det til å bli grønt på marka. Sjølv om også våren har vore lang og kald, er det no tegn på at det endeleg går mot sommar.