Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ustabile vassforsyningar ved Bjøråa vassverk

Elinor Bolme Sundag 24. august 2014

Surnadal kommune hadde melom 11 og 14 i dag problemer med drifta ved det kommunale vassverket Bjøråa. Frustrasjonen var stor hos abonnentane, då dei for andre gongen denne veka var vasslaus. Beredskapsvakta på kommunen vart rimeleg kjapt varsla, og vakthavande Gunnar Bøe kan fortelje at vassføringa gjekk som normalt igjen i 14-tida.

 

No må vi få vatn! Kristine med barnebarnet Edin på armen.   foto: Jon Olav Ørsal

Arkivfoto:Irritabelt å vera vasslaus for andre gong denne veka fortel Kristine Saksen Ulvund, med barnebarnet Edin på armen. foto: Jon Olav Ørsal

Det er UV-anlegget som er årsak til problema, kan han fortelje. Anlegget stenger vassforsyninga automatisk når uv-anlegget ikkje gjer jobben sin. Han skjønnar frustrasjonen til abonnentane, og må seie seg enig i at det har vore vel jamt med driftsproblemer den seinare tida. Det er forøvrig ikkje kokepåbod på vatnet seier han.

 

Publisert: 24. august 2014, 14:40