Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ustabile fjellmassar i Skarfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 15. juli 2025

Beredskapskoordinator i Sunndal kommune møtte i dag personell fra fjellskredseksjonen til NVE i Nerdalen. NVE har i dag sett opp ein radar ved parkeringsplass i Nerdalen. Denne radaren måler bevegelsar med millimeterpresisjon. Radaren vil stå til over sommaren, eller til eit eventuelt skred går.

NVE ventar første status frå bevegelsar om nokre dagar, men bevegelsane har vore såpass store at dei såg utslag på kort tid. På rundt ein time bevegde fjellpartiet seg 15 millimeter, noko som NVE påpeikar er uvanleg stor bevegelse. Til sammenlikning tilsvarer dette den totale bevegelsen på eitt år i andre ustabile fjellparti i Norge.

Samtidig som at vi som folk frå kommunen og NVE var i området, gjekk det tre skred, mellom dei to større steinsprang/steinskred. Denne typen aktivitet i fjellet er dei tydelegste teikna på stor bevegelse i forkant av et eventuelt skred. NVE vil ikkje seie noko om når, og om eit eventuelt skred går, men bevegelse er venta å auke drastisk før ei utgliding. Det vart også i dag påvist at bevegelsane er store i øvre del av fjellpartiet, det aukar sannsynlegheita for at heile fjellpartiet går i eitt skred, i motsetning til gradvis utgliding i forkant.

NVE vil overvake fjellpartiet kontinuering frå fjellskredsenteret i Stranda, og Sunndal kommune vil bli varsla ved betydeleleg auka bevegelse. Ved eit eventuelt fjellskred vil det vere ein viss risiko for at Ålvundelva demmes opp. Sunndal kommune og NVE har beredskap på plass ved ein slik situasjon.

Massane det er snakk om er på maksimalt fem millionar kubikkmeter. Det er betydelege massar som er i stor bevegelse. Det er viktig at folk held seg unna i området i tråd med tidlegare utsendt pressemelding.

Oppdateringar om situasjonen finn ein på sunndal.kommune.no.

Publisert: 15. juli 2025, 13:03