Sommaren er over oss for fullt, og dei fleste i Todalen og i regionen elles har i dag registrert høge temperaturar på gradestokken. Ungar, ungdommar og andre badelystne i bygda har i løpet av dagen testa badetemperaturane. Både i elva og i sjøen er det meldt om gode temperaturar, litt over det som kan vere normalen etter som det er minimalt med snøsmelting i fjella. I området ved småbåthavna er det fine forhold for både store og små. Benkar er utsett for dei som ønsker å sette seg ned mens andre badar.
Fint i småbåthavna i kveldstimane onsdag.
Badeplassen som ligg attmed småbåthamna er høveleg for både dei alle minste og litt større ungar. Dei som søkjer litt større utfordringar er oftast å finne ved den gamle industrikaia ved settefiskanlegget. Men inne i sjølve småbåthavna er det som før badeforbud!