Vi har opplevd ein unormal kald vinter, der temperaturane over lang tid har vore låge når ein samenliknar med dei siste vintrane. Jon Bruset har i over 20 år registrert minimums- og maksimumsteperaturane heime på Småhjellå. Vi har fått e-post frå Jon, der han skriv om registreringane han har gjort, og han skriv:
«Dei fleste har nok kjent på kroppen at etterjulsvinteren 2010 har vore uvanleg kald. Da kan det vere interessant å sjå 20 år tilbake, til februar 1990 som derimot var svært mild.
Alle dagar denne månaden hadde maksimumstemperatur over 0 grader ! Den lågaste temperaturen var kun – 4,5 grader. Dei første 7 døgna denne månaden hadde alle max. temp. over + 11 , med + 17, 5 som det høgste ( høgste minimumstemp. + 8,8 ! ). Berre 10 dagar hadde min. temp. under null grader, medan heile 10 dagar hadde max. temp. over + 11 !
Årets februar har til no hatt berre eit døgn uten kuldegrader, men derimot 7 døgn med min.temp. på – 15 eller lågare ! (14 dagar under – 10 ).
Høgste temp. årets februar til no: + 4,2 – lågaste – 20,0».