Unni Boksasp og Festivalkvartetten trefte eit begeistra publikum under påskekonserten i Todalen kyrkje. Konserten var premiere for påsketurneen som altså starta i Todalen kyrkje skjærtorsdag ettermiddag, og fortsette til Ålvundeid kyrkje om kvelden. Vidare skal dei til Nordlandet og Øre på langfredag. Festivalkvartetten starta konserten med Griegs Allegro før Unni Boksasp kom på podiet med folketonar etter lokal opphavt.

Unni Boksasp og festivalkvartetten. Frå venstre Alex Robson, Jon Mehus, Anders Rensvik og Joakim Munkner. Foto: Jon Olav Ørsal
Av lokale innslag fikk vi høre tekst og tonar etter Gunnhild Tømmerås, Magnhild Almhjell, John Røen, Ingeborg Glærum og sjølvsagt også eigne tekster av Unni Boksasp. Festivalkvartetten framførte også «Frå ei reisedagbok op.5 for strykekvartett», med Via Appia, Sicilia og Tripoli og Andante frå Voces Intimae op.56, før Unni Boksasp avrunda konserten med ”Kveldssong”, som ho sjølv hadde skrive både tekst og musikk til.
Påskekonserten er eit samarbeid med KKKK-konsertane, Peder Rensvik & Co og kommunane Kristiansund, Sunndal, Gjemnes og Surnadal. Musikarane i festivalkvartetten er Alex Robson, fiolin, Jon Mehus, fiolin, Anders Rensvik, bratsj og Joakim Munknes på cello.

Unni Boksasp og Festivalkvartetten opptredde for eit begeistra publikum i Todalen kyrkje. Foto: Jon Olav Ørsal