I dag arrangerte Surnadal Golfklubb Pink Cup på Mo. Her vart det dominans av den yngre garde; Håkon Sæther og Audun Moen Skei vann turneringa med 46 poeng. På delt 2. plass med 44 poeng kom sunndalingane Vidar Sæther og Rune Nikolaisen og dei lokale gutane Geir Berntsen og Magnus Snekvik.
Pink Cup er ei årlig scrambleturnering for par, der inntektene uavkortet går til Kreftforeninga og brystkreftsaka. Til saman kom det inn kr 4440 til Kreftforeningen under årets turnering.
Les meir på Surnadal golfklubb si eiga heimeside