Laurdag samlast flittige damer til strikkekaffe i Sanitetshuset. Strikkepinnane og praten gjekk lett, og det var stor aldersforskjell på yngste og eldste deltakar – heile 96 år!
I alt var det 20 personar på strikkekafeen denne gongen – og det var skikkeleg aldersblanding. Det var altså to eller tre generasjonar frå fleire familiar – artig!
Det er tydeleg at mange set pris på dei ulike møteplassane som laga i bygda legg til rette for. Viss ein kikar på kalenderen på todalen.no eller les artiklane der, er det lett å slå fast at det er varierte aktivitetar og ararngement som kan passe både for unge og eldre.

Triveleg med nye fjes på strikkekafeen – i dag vart det fleire generasjonar – det er koseleg! Her ser vi: Maria, Laila, Sigrid Elise, Marit og Dordi. Foto: Dordi J H
Nyttig er det at på strikkekafeen kan ein få hjelp til å tyde oppskrifter eller få idear til nye prosjekt. Men kanskje er det viktigaste å treffast for å prate og kose seg. Sjølvsagt var det kaffe og nydeleg eplekake.
Neste strikkekaffe er 6. oktober. Alle er velkomne – her er det altså inga aldersgrense!
Måndag 17. september er det Kløvertur. Da er det oppmøte på Hals, og så bestemmer vi turmålet i lag nå vi ser korleis veret er. Alle er velkomne til å bli med på trimtur!
Fleire bilete: