Fredag opna glade, spente og forventningsfulle barnhageungar utstilling av eigne arbeid i Skulstuå. Her var det stor variasjon i motiv i glade fargar – retteleg flott!
Barna hadde i lang tid førebudd utstillinga. Dei hadde arbeidd med ulike tema og teknikkar utover vinteren og våren og laga mange produkt, og dei hadde tydelegvis hatt mange kjekke og lærerike økter med måling, teikning, klipping og liming. Dei fleste produkta blir raskt tekne med heim – det er alltid viktig å få vise fram produkta heime, gi bort eller pynte på rommet.
Dei siste dagane før utstillinga var travle for både små og store i barnehagen: Alle hadde vore med på montering av utstillinga i Skulstuå – kjekt å ha eit utstillingslokale rett i nærleiken. Når det er opning av kunstutstilling, skal det vere både underhaldning og servering. Dermed vart det eit heilt prosjekt å lage sjølvprodusert te til festdagen. Ungane hadde vore på tur og plukka ferske granskudd ovanfor Ungdomshuset – det vart til nydeleg granskuddte! Oppskrifta er å få i barnehagen. Sjølvbaka og fint pynta sjokoladekaker og formkaker vart serverte til kaffien. Det smaka riktig godt! Til og med underhaldninga stod dei for sjølve – to songinnslag før publikum fekk gå inn i utstillingslokalet.
Førskuleklubben hadde hatt eit tema som heiter «Jakt etter fargar». Dei hadde fått utdelt kvar si farge og utstyrt med kamera hadde dei teke turen til skulen. Der hadde dei leita opp motiv i si farge, teke bilete og etterpå sett saman motiva til eit fint bilete. Dette var eit resultat etter den kommunale barnehagedagen i vinter.
Medan førskulebarna jobba med prosjektet sitt, hadde tre- og fire-åringane arbeidd med «fotmåling». Her var det spruta ulike fargaklattar i fat, så var det berre å trappe oppi og sette fotavtrykk på store ark. Det vart riktig fint resultat!
Sjølvsagt var det mange ulike motiv utført med perler, imponerande stor variasjon i motiv og fargeglede. Å arbeide med perler krev både tolmod og finmotorikk. Ungane lærer om fargar, mønster og matematikk, og dei bruker både fantasi og kreativitet. Likeså var det mange fine og forseggjorde teikningar og måleri.
Kunstutstillinga til barnehagen var retteleg fin – artig å sjå kva dei har fått til! Og det kom mykje publikum som kosa seg med kunst inne – kaffe og kaker ute i finveret!
For den som ikkje fekk høve til å sjå utstillinga fredag, er det ny sjanse tysdag 13. juni når blir Tikaffe på oppvekstsenteret.