Ungdomsrommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion tek form. I går kveld vart taket ferdig grunna, så no er både tak og veggar klare for å få siste «finish» før innreiinga av rommet kan ta til.
Todalen Idrettslag kallar difor no inn ungdommane til dugnad onsdag 7. juni klokka 17:30. Dette for at dei skal få sette sitt «preg» på rommet, så da blir oppfordringa enkel: Møt opp og bli med!