Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ungdommane fekk lære å skjære ned hjort

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 18. november 2023

I går ettermiddag og kveld, var ungdommar frå Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) samla i reiskapshuset til Carstn Bohle for å lære å skjære ned hjort. Den eine hjortekalven vart skoten av ein av ungdommane i Snekvika førre laurdag, under SJFF si introjakt. I tillegg hadde dei fått ein liten kalv frå eit jaktlag, så det var to hjortekalvar dei hadde å trene på.

Nils Ove Bruset, Carsten Bohle og Ragnar Halle var kyndige rettleiarar, og det var ein lærevillig og engasjert gjeng med ungdommar som hadde samla seg rundt kjøkkenbenken i reiskapshuset til Carsten. Her har det vore skore ned mange hjortar og laga mykje god mat dei siste åra, og dei tre rettleiarane har lang fartstid med å skjære ned hjort.

Nils Ove instruerer ein interessert gjeng med ungdommar frå SJFF. Foto: B G Ansnes

Ungdommane fekk lære å finne ut kva dei ulike delane på hjorten kunne brukast til, skjære til biffar og steiker, og karve opp kjøtt for å lage kjøttdeig. Maten skal dei sjølv bruke på ulike klubbaktivitetar framover, så det vil bli servert mykje god mat i SJFF framover.

Heidi Walle Reiten, som er leiar i barne- og ungdomsutvalet i SJFF fortel at dei er glade for at dei kvart år får tildelt hjort av Surnadal storviltvald, slik at ungdommane kan få trene på jakt. 

Det vart mykje god mat av dei to kalvane. Foto: B G Ansnes

Barne- og ungdomsutvalet i SJFF har mange aktivitetar for barn og unge gjennom heile året relatert til små- og storviltjakt og fiske. – Vi var i tidlegare haust på Vaulen på småviltjakt, og her vart fangsten ei rype, ei århøne og ein trast, fortel Heidi. – Trasten vart grilla til lunsj, og den smaka godt påsto ungdommane, legg ho til!  

Så har du interessert i jakt og fiske kan du berre ta kontakt med SJFF!

Du kan også lese frå nedskjæringa av hjortekalvane på SJFF si eiga Facebookside.

Heidi Walle Reiten, leiar i barne- og ungdomsutvalet i SJFF og Ståle Ansnes i Surnadal storviltvall. Foto: B G Ansnes

 

 

Publisert: 18. november 2023, 10:13