I går ettermiddag og kveld, var ungdommar frå Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) samla i reiskapshuset til Carstn Bohle for å lære å skjære ned hjort. Den eine hjortekalven vart skoten av ein av ungdommane i Snekvika førre laurdag, under SJFF si introjakt. I tillegg hadde dei fått ein liten kalv frå eit jaktlag, så det var to hjortekalvar dei hadde å trene på.
Nils Ove Bruset, Carsten Bohle og Ragnar Halle var kyndige rettleiarar, og det var ein lærevillig og engasjert gjeng med ungdommar som hadde samla seg rundt kjøkkenbenken i reiskapshuset til Carsten. Her har det vore skore ned mange hjortar og laga mykje god mat dei siste åra, og dei tre rettleiarane har lang fartstid med å skjære ned hjort.
Ungdommane fekk lære å finne ut kva dei ulike delane på hjorten kunne brukast til, skjære til biffar og steiker, og karve opp kjøtt for å lage kjøttdeig. Maten skal dei sjølv bruke på ulike klubbaktivitetar framover, så det vil bli servert mykje god mat i SJFF framover.
Heidi Walle Reiten, som er leiar i barne- og ungdomsutvalet i SJFF fortel at dei er glade for at dei kvart år får tildelt hjort av Surnadal storviltvald, slik at ungdommane kan få trene på jakt.
Barne- og ungdomsutvalet i SJFF har mange aktivitetar for barn og unge gjennom heile året relatert til små- og storviltjakt og fiske. – Vi var i tidlegare haust på Vaulen på småviltjakt, og her vart fangsten ei rype, ei århøne og ein trast, fortel Heidi. – Trasten vart grilla til lunsj, og den smaka godt påsto ungdommane, legg ho til!
Så har du interessert i jakt og fiske kan du berre ta kontakt med SJFF!
Du kan også lese frå nedskjæringa av hjortekalvane på SJFF si eiga Facebookside.