Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ung kunstnar med flotte og detaljrike teikningar av FISK

Dordi Jorunn Halle Fredag 16. mai 2025

Skulstuå inviterte fredag 16. mai til «Grand opening» av utstillinga FISK med teikningar av Ingvar. Det var stort publikumsoppmøte.

Ragna Kvendset som er leiar for stiftinga Skulstuå, ønskte alle vel møtt og presenterte kunstnaren og utstillinga slik:

-Velkomne til Skulstuå og utstillinga FISK med teikningar av Ingvar Ortega Redalen! Og ekstra velkomst til bestemor og bestefar frå San Cugat i Catalonia.

Ragna ønskte alle velkomne til utstilling og Toril orienterte om utstillinga. Frå venstre: Toril Redalen, Line Marie Kvendset og Ragna Kvendset. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Besteforeldra til Ingvar er på besøk i Todalen og syntest det var kjekt å få bli med på utstillingsopning. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Han Ingvar er ein kar med mange talent og eit av talenta er teikning. Han har studert mellom anna regnbueaure, brisling, havmus, slimål, storskate, gjøkskate og brasme, maisild, tagghai, kval og mange fleire artar.

Slik eg ser teikningane har dei energi – det er ein viss fart over dei og ikkje noko nøling, der både den fantastiske sikre streken og proporsjonane er på plass. Alle særeigne trekk for arten er detaljert observert og overført til papiret. Og han Ingvar kan namnet på dei alle.

Ingvar har stor kunnskap om mange fiskeslag. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Når han set fokus på fisk, er det eit tema som er berekraftig og viktig både nasjonalt og internasjonalt. Fisk er mat og arbeid og representerer havet som er viktig for framtida.

Todalen har rike fisketradisjonarder og det har vore fiska frå

stille fjillvatn

brusande bekkje

strie elve og der Toåa søng

samt på den blanke fjord

Informativ teikning om fiskekroppen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

-Mor til Ingvar, Toril, takka Line Kvendset for ide og initiativ til utstilling av fisketeikningane til Ingvar og Ragna Kvendset med medhjelparar frå Skulstuås vener som stod for arrangementet med servering og opplegg.

Toril fortalde at Ingvar opp gjennom åra har uttrykt interessene sine i teikningar i periodar: alle verdas flagg, alle verdsdelane, land og byar etter hukommelsen. Ingvar drømmer no mest om å få reise til Paris i sommar, seinare til London og Sydney. Han har ei klar plan!

Interessa for fisk starta med at han fekk ei bok med alle Norges fiskar til jul; og favorittfisken er knurr.

Utstillinga FISK vil vere open med jamne mellomrom fram til 16. august; opningstider vil bli annonsert.

todalen.no ønsker Ingvar til lykke med utstillinga og kunsten!

Fleire bilete:

Skulstuå var pynta til fest. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kokkane hadde det travelt! Frå venstre: Knut Bergli og Jon Olav Roaldset. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Teikning av Ingvar. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Ingvar har teikna mange kyrkjer. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Teikning av Ingvar. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

 

 

Publisert: 16. mai 2025, 22:22