Frå Jon Bruset har vi fått ein henvendelse i etterkant av den planlagte friluftgudstenesta 2. påskedag. Han undrar seg over avgjerda om å flytte denne innomhus, og håpar å få svar på dette. Redaksjonen gjengir Jon sin epost i si heilheit:
Dette er bilder frå friluftsgudstenesta 4.april 2010. Det ser ut til å være omtrent like mye snø som i år. Kan ikkje huske at det var på tale å avlyse på grunn av dette.
I år vart det avlysning for første gong på 10 år. Veret var bra, så ein kan lure på kvifor det vart avlyst, når ein ser snøen som var for to år sia ? Snøen gjorde det ekstra artig for ungane som dreiv både med ski og akebrett den gongen. Grunneigaren hadde klargjort vegen og «alteret» i år også.
Kanskje soknerådet kan kommentere dette ?
Foto: Jon Bruset