Tysdag 2. oktober kl 19.30 inviterer Stangvik sokneråd til salmekveld med temaet «Undervegs». Kirsti Hjørnevik har vore på fleire pilegrimsvandringar i Spania. Ho vil fortelje og vise nokre bilde frå desse vandringane, og om det å vere undervegs i livet. Damekoret Credo deltek med song og vi syng saman frå salmeboka, melder Stangvik sokneråd.
