Torsdag 6. juni kl. 19 på Stangvik oppvekstsenter lanserer Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes bind 2 av serien «Under Skarfjellet – lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda».
Forutan orientering om boka, framvisning av bilete og servering, blir det musikalske innslag ved Ole Magne Ansnes, Helge Nilsen Wesche og Per Holten – tre musikarar som er omtala i boka.
Bind 1 i serien kom ut før jul i fjor, og tredje og siste bind er planlagt utgjeve i desember 2019.
Dei tre forfattarane ga i 2010 ut «Kvenndalsboka» og i 2015 «Søyådalsboka» – to bøker dei fekk Kleivaprisen for.
VEL MØTT TIL BOKLANSERING!