Nils-Erik Ulset kom på 7.-plass i laurdagens skonkurranse i 6 km skiskyttersprint i Paralympics i Beijing. Med 1 bom på kvar av dei to skytingane vart det to ekstrarundar og dermed var Nils-Erik utafor medaljekampen.
Etter første skyting var Ulset på 9.-plass, men kom i mål på 7. beste tid etter 2. skyting, der det også vart ein bom. Det var nok litt vanskelege skyteforhold under dagens konkurranse, med det var også tøff konkurranse og mange gode skyttarar å konkurrere med.
Tysdag er det ny konkurranse – da er det 10 km skiskyting på skiskyttararenaen i Beijing. Konskurransen startar kl 05.00, så dersom du skal få med deg sendinga må du opp frå morran av!