UKM – Ungdomens Kulturmønstring – som blir halde i kulturhuset 14. mars, skal vere ein møteplass der ungdom skal få vise fram det dei brenn for, vera det seg scenekunst, dans, film, litteratur, musikk – og lista er lengre enn lang, så vi tek sats og held fram: …teater, visuell kunst, spillutvikling, film, musikk, street dance, kunst, og kva det elles kan vere du syslar med! Du har litt tid til å melde deg på, men du treng absolutt ikkje vente heilt til søndag 1. mars – for dette må du få med deg! Påmeldinga gjer du på ukm.no.
UKM skal også vere ein yngleplass for dei som vil vere med å arrangere, vere konferansier og ha kontakt med media. Er du interessert i å bidra til at dette blir eit kjempearrangement, meld deg på – og det seinast 23 februar på ukm.no og arrangementet i Surnadal. Og om du ikkje meiner du har noko å bidra med, eller er ung nok, håpar vi du kjem på mønstringa 14. mars – for å sjå og bli inspirert! Du finn fleire opplysningar om UKM ved å gå på nettet (ukm.no) eller kontakte ungdomskonsulent Lars Sæther på tlf. 957 72 537.