Ein snekkar var uheldig under arbeid på taket på nyfjøset i Viastua torsdag. Dei nylagte stålplåtene vart nok litt glatte i regnværet, og så var uhellet ute og han fall ned frå taket. Han vart nok litt mørbanka av fallet, og fallet medførte brot i eit handledd. Uhellet skal rutinemessig etterforskast skriv Tidens Krav på si nettside.
