Eller kanskje var dei heldige? Ein bil hamna på taket i grøfta mellom Svinvika og Nordvik søndag kveld. Iallfall måtte dei ha hjelp av bergingsbil for å kome seg på vegen igjen. Det er no både glatt og svake snøkanter, så det er lett å hamne utafor vegen.
Vi oppfordrar til å ta det med ro og køyre forsiktig. I skrivande stund er det 10-12 kuldegrader, men det er meld litt mildare alt på måndag. Frå tysdag går meldingane ut på mildare vêr og varmegrader igjen. Sjå langtidsvarselet på yr.no her.