Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Uføre og utforkjøring ved Sjøleet

Jon Olav Ørsal Måndag 18. november 2024

Ingen tvil om anna enn att det er det første snøen som er glattast.  Det var regelrett uføre frå Todalskrysset og innover til Nordvik, med såpeglatt sørpeføre og blaut nysnø.  Ikkje meindre enn to bilar hamna utfor veten på denne strekninga i løpet av ein times tid no i ettermiddag. Eit stort oppbud med redningsmannskap, brannvesen og politi var på staden for å hjelpe til med redning.

Det var eit stort oppbud av mannskap frå redning, brannvesnet og politiet ved Sjøleet. Her vart det jobba med å få bilen opp på vegen igjen.    Foto Jon Olav Ørsal

Den eine bilen hadde køyrdt ut ved vegen som går utover til Haltbakkan, medan den andre stod i grøfta ved avkøyringa til gammelvegen ned Åsbøhaugane. Det sleipe sørpeføra gjorde at en skulle jammen være forsiktig med brems og gass dersom ein skulle halde seg på vegen.  Alle har kome seg ut av bilane og ser ut til å være i fin form, skriv avisa Driva. 

Publisert: 18. november 2024, 18:33