I ettermiddag var det 5. divisjonskamp på Bordholmen mellom KvassUlvungen 2/SøyaTodalen og Halsa/Valsøyfjord. Resultatet blei 1-1 etter høyt press av heimelaget i sluttminutta, men sjansane gav ikkje uttelling. Begge måla kom i andre omgang. Først av eit svakt utspel som blei snappa opp av spissen til Halsa/Valsøyfjord, og kunne sette ballen i mål. Målet til KvassUlvungen 2/SøyaTodalen kom på straffe.