Tysdag 25. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til tur til Kvenndalen og «Fintenkjarplassen». Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Kvennbøen.
Derifrå går turen oppover til Kvenndalen og vidare til Kvennbøtælan
Derifrå går turen om Kvennbøtælan til Lars Steinar Ansnes si hytte og vidare opp på Middagshaugen, «Fintenkjarplassen».
Lars Steinar Ansnes vil vere guide på turen. På vêrmeldinga ser det ut til at det blir ein fin og innhaldsrik tur.
Fjellgruppa ønsker velkommen til ny Fjelltur!