Førstkommande tysdag blir Sjekk Nordmøre arrangert i Trondheim. Det er næringsliv og offentleg sektor i Surnadal og Sunndal som inviterer til rekrutteringstreff på Dokkhuset på Nedre Elvehavn. Der har mange bedrifter frå Surnadal og Sunndal stands, og vil mellom anna lansere Trainee Indre Nordmøre som ein del av programmet.
Rekneskapsbransjen i Surnadal har gått saman om ein stand på treffet. Dette for å synleggjere at dette er ein bransje i utvikling. Bransjen slit med å få nyutdanna tilbake til heimkommunen, og vil derfor vise studentar og andre, kva karrieremulegheiter som finns lokalt. Exact regnskap, Surnadal regnskap og Atlanticon har derfor gått saman om dette opplegget.
Du finn meir informasjon på facebook: www.facebook.com/SjekkNordmore. Les også omtalen på Driva.no