Laksefisket i Toåa startar nemleg ved midnatt, og det er det nok mange som har gledd seg til. På Todalshytta markerer vi dette med konsert av Linda og Frank «Spoon» Botten – i tillegg til at vi byr på god mat og drikke, fortel Arve Evensen på Todalshytta.
For å korte ned ventetida for å kome i gang med laksefisket så arrangerer Todalshytta ein uformell kastekonkurranse med flotte premiar både frå Todalen Elveeigarlag og frå Todalshytta.
Arrangementet startar kl 20:00 og holder på utover kvelden – til vi kan ta med fiskestanga og starte fisket ved midnatt – eller rettare sagt kl 00:00 onsdag den 15. juni. Inngang på konsrten kostar kr 150,- .
Alle er velkomne til ein kosekveld med flott musikk på Todalshytta enten du er laksefiskar eller musikkelskar, seier Arve.