Todalen sokneråd er ansvarleg for fasteaksjonen i Todalen. Anita Talgø som er KN-kontakt i Todalen fortel at konfirmantane vil få ansvaret for å samle inn pengar for fasteaksjonen i år. Tysdag kveld 19. mars, frå kl 17:00 og utover, kjem dei på døra med innsamlingsbøssa. I år er det viktigare enn nokon gong at vi er rause til å støtte fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp – vi må gje så det svir.
Pengane vil mellom anna bli brukt til å skaffe reint vatn. Sjølv om det er ein sjølvsagt ting ffor oss, så er det stor mangel på reint vatn mange plassar. Difor er det eit viktig satsingsområde for Kirkens Nødhjelp. Du kan bidra gjennom å gje pengar som du puttar på innsamlingsbøssa. Eller du kan gj via Vipps på #2426.
Ta vel imot konfirmantane når dei kjem på døra