Tysdag ventar vi storinnrykk på Byggmakker, fortel butikksjef Ivar Helge Kvendset. Da arrangeres nemleg «Guttas kveld, og da er det sjølvsagt «gutteting» som står på programmet. Vi kan berre nemne demonstrasjon av bilar, der det nok er den «elektriske» Tesla som har fått mest fokus, men vi får også sjå Mitsubishi Outlander som hybridbil og sågar Renault Capture. På programmet elles er det verktøy, vinduer og sjølvsagt underhaldning. Odd Arne Halaas frå Storlygartrio’n vil lede oss gjennom kvelden.
Ola Sylte kjem og fyrer opp storgrillen, slik at det også blir ein matbit å få. Denne kvelden blr det også høve til å skrive seg på lista for å få ein prøvetur med Tesla’n dagen etter. For Tesla-gjengen blir over i Surnadal til onsdag. Meld deg på til Guttas kveld på nettet, – her finn du linken til påmelding.
Programet for kvelden ser slik ut:
-
Odd Arne Halaas, kjent fra Storlygartrio`n leiar oss gjennom kvelden, og avsluttar med sitt show
-
Tesla Motors kjem og viser frem el-bil, – reserver prøvekjøring onsdag 9.april.
-
Erling Winje AS kjem med verdsnyheita Mitsubishi Outlander Plug-in Hybrid og nye Renault Capture.
-
Essve viser fram nyheiter om spikringspistolar
-
Milwaukie el-verkty, Eivind Wiig viser fram verkty
-
Natre fortel om funksjonsglass, og vedlikehaldsfrie vindu.
-
Isola viser si Radonsperre og orienterer om radon
-
Skydda viser siste mote i arbeidsklede.
-
Grilling – Ola Sylte fyrer opp storgrillen