Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tysdag gjekk Fjellgruppa til Strandasetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. juni 2025

Tysdag var Strandasetra målet for Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal. – Frå Holten følgde vi traktorveg og sti innafor Holtaelva opp til setra, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa. 

Parkering og start på turen frå Holten. Foto: Anne V. Einum

Holtaelva var frå først på 1600-talet og fram til 1950-talet drivkrafta for mellom anna Follerø Bruk nede ved fjorden.

Bratt skogsveg gjennom høg granskog. Foto: Anne V. Einum

– Spreke gutar sprang opp til Sjøasetervatnet for å opne slusene om morgonane og for å stengje når arbeidsdagen var slutt, fortel Lars Gudmund.

Over på fin sti gjennom blandaskog. Foto: Anne V. Einum

– I 1624 er Strande sag første gong nevnt i skattemantalet, legg han til.

Holtaelva. Foto: Anne V. Einum

Hans Hyldbakk skreiv at det har vore seter her frå sist på 1700-talet, noko det gamle seterfjøset kan vitna om.

Strandhytta og Strandasetra. Foto: Anne V. Einum

1953 var siste året det vart setra på Strandasetra.

Matpause for både to- og firbeinte ved Strandasetra. Foto: Anne V. Einum

Takk for at vi fekk parkere på Holten!, avsluttar Lars Gudmund. 

Publisert: 18. juni 2025, 10:44